fredag, juni 30, 2006

Vinterferie! Endeleg to heile veker med vinterferie! Ferie ferie ferie ferie ferie!!!

torsdag, juni 29, 2006

Bakvendtland


Ting er ganske bakvendte her innimellom.
-Satelitt-tv sendar kampar fraa verdenscupen direkte og fotballtullingane sit oppe fraa fyrste kampen byrjar 3 am.
-Sia det er vinter her no, og vinter er ganske deprimerande innimellom, reklamerar ein del utestadar med julemat og mid-winter christmas.
-Verste vinterveret paa 12 aar her til lands, store snoestormar og trafikken lamma over stoerstedelen av landet forrige veke. Det var ein halvmeter soerpete snoe.
-Og her oppe er det visst veldig kaldt til aa vere Auckland, alle klagar rundt meg. Ganske konstant paa 12 grader.

Men eg skal ikkje klage, for vi har mandarintre i hagen, saa eg kan gaa ut og plukke mandariner rett av treet! Litt eksotisk for meg, det der. Mandarinene fraa hagen vaar er knoettsmaa med tynt skall, men smakar kjempegodt! Biletet samanlikanar ei hagemandarin med ei butikkmandarin og ei penn i storleik. Tenkte eg skulle bruke ei fyrstikkeske, men det var foer eg fann ut at fyrstikkeskene her er omtrent dobbelt saa store som i Noreg...

tirsdag, juni 27, 2006

3.19 natt til tysdag...

Eg opnar augene mot nattemoerkret og kulda. Ein einaste tanke i hovudet mitt: "Naa har jeg plukket meg ned en kokosnoett, didli-dii-di, flere store ligger alt paa rad!"

Tusen takk til den idioten som kom paa ein saa irriterande melodi! Tusen takk til det genetiske arvematerialet som forma hjerna mi slik! Tusen takk til Silje-Mari som hadde ein tilbakevendande tendens til aa syngje den songen om og om og om igjen hele ungomskulen! Tusen takk!

PS. Songen er fraa (eller eigentleg ikkje fraa, den berre var med i) Loevenes Konge, der Zaz syng han for Scar like foer Scar slengar eit bein etter han.

fredag, juni 23, 2006

Diverse notat fraa storbyen

Nokre gongar likar eg verkeleg aa bo i ein storby. Saann til doemes naar vi har halv dag paa skulen og sluttar 11 paa foeremiddagen ein fredag.

Vandra ned til Newmarket, eit relativt travelt butikksentrum, saman med to jenter fraa skulen. Spiste sushi til lunsj (ein av dei nye oppdagingane mine her nede - NAM!!) og tok bussen inn til sentrum. Buss her for ein skuleelev kostar saann omtrent 3,50 kr samanlikna med 18 kr heime, men i det kollektive transportsystemet er ein vits (seier alle andre, eg tykkjer det er betre enn eg er van med!).

Vidare ville vi gaa paa kino, men fann ut at kinoen tydeegvis har ein regel mot aa selje billettar til ungdom i skuleuniform foer klokka 3 paa vekedagar! Skuffa og irriterte vandra vi vidare til Starbucks, eit herleg konsept eg ikkje kan fatte at ikkje har greidd aa innvadere Noreg enno! Kritiserte kinovesnet og spiste muffins.

Eg kjem fraa ein liten by med 17 000 innbyggjarar og eit utval i bok- og cdbutikkar som ikkje akkurat er imponerande. Auckland har 1,3 millionar innbyggjarar og tisvarande stoerre utval av beggje delar. Har til doemes oppdaga bokbutikkjeda Borders, samt den femetasjes filialen deira nede i sentrum. Borders Sky City har ein heil etasje med cdar. Ingen god ide aa sleppe meg laus der med bankkort... Er ganske stolt av mag sjoelv, plukka berre ut ting eg verkeleg treng, og greidde aa begrense meg til tre stykk, som eigentleg skildrar musikksmaken min ganske bra:
-West Side Story
-Romanser av Glinka
-Dream Theater

"Hjernen er alene" Kan ikkje hugse kor det sitatet kom fraa, har brukt det saa lenge eg kan hugse.

onsdag, juni 21, 2006

Morgenstund har hoggtenner...

Eg har funne ein ny maate aa faa meg ut av senga om morgonen paa:

1-Sette alarmen paa mobilen paa vekking med 2 minutt slumreintervall.
2-Grabbe tak i telefonen med ein gong han ringer og trykkje paa den stoerste og beste knappen eg finn.
3-Ikkje legge mobilen tilbake paa nattbordet slik eg brukar, men halde han i handa medan eg sovnar igjen.
4-Vakne av at alarmen gaar av for andre gong, trykkje paa stoerste og beste knappen eg finn.
5-Sleppe mobilen ned mellom senga og veggen, vel vitande om at alarmen, med full vibrering paa parkettgolv, kjem til aa gaa av om to minutt.

Denne framgongsmaaten foerar til ei relativt frisk oppvakning i sjutida ein maandags morgon, med halve meg under senga i haap om aa finne mobilen fortast muleg. Hadde for ein gongs skuld god tid til frukost, men eg fryktar at for mange repetisjonar ikkje er godt for den mentale helsa.

onsdag, juni 14, 2006

AFS Mid-Year Camp 2006



Tilbrakte heile helga paa AFSleir ein times kjoering nord for Auckland. Var utruleg kult aa moete folk igjen og bruke tida paa meir eller midre meinginslause, men samstundes utruleg morosame aktiviteter som luftgevaerskyting og trampolinehopping. Dei fekk til og med, til tross for at eg insisterte paa at kom til aa daue, skubba meg over kanten paa eit stillas ifoerd sele som sklei nedover ein vaier, saakald "flying fox". Er ogsaa utruleg godt aa moete andre nordmenn innimellom, som naar eg og Gunhild sang norske julesangar hoegt og skjerande i to-tida natt til soendag.

Hoegdepunktet for min del maa vel ha vore klokka tre same natta daa eg skulle gaa og legge meg, og fann ut at oj sann, madrassen min er ikkje her lenger. Hmmm... Dei neste fem timane tilbragte eg paa ei tynn skumgummifille paa golvet i haaplaust forsoek paa aa lukke auga lenge nok til aa sovne. Opplevinga hadde og sine gode sider; fekk sove godt i bilen paa veg heim igjen...

fredag, juni 09, 2006

Auckland Wind Orchestra



I kveld var sesongen sin andre konsert med Auckland Wind Orchestra, og denne gongen var temaet filmmusikk! Ganske fersk i rollen som einaste barytonist i orkestret var eg meir nervoes enn eg har lyst til aa innroemme. Konserten tok plass i Raye Freedman's Arts Centre paa Epsom Girls Grammar School.
Med slike fine nummer paa programmet som The Simpsons, ouvertyren til Russlan and Ludmilla (opera av Glika, ekte russisk nasjonalromantisk suppe), to satsar av Requiem av Mozart og Star Wars, var konserten ein stor suksess, sjoelv med ganske skuffande oppmoete paa tilhoeyrarfronten.

Eit av hoegdepunkta var ogsaa filmmusikken fraa Schindlers Liste, ein fiolinsolo framfoerd av 17 aar gamle Jane Park. Baade utoevarane og dirigenten var storfornoegde med konserten, og har no ferie eit par maanader foer neste program skal oevast inn og presenterast i slutten av august.

lørdag, juni 03, 2006

Lost in translation

Kom over ei ganske interessant nettside som oversett ting fraa engelsk til engelsk med bablefish, via fransk, tysk, italiensk, potugisisk og spansk. Kan faa fram ganske interessante resultat etter kvart.

Nokre smaa eksempel:

On my own, pretending he's beside me
only completely, he extreme that fing me

Blue flowers hanging from the cottage doorhandle
to the blue one of the sunflower during the small house of the doorof the fist


I'd like to be
under the sea
in an octopus's garden in the shade
I vol. for the inferior garden of the sea to protect of Krake


Ich bin der Hund, der die Katze gegessen hat
the dog, cable of the vector of the cat eats the protection of the protection


The final chapter of the x-men troligy rises a final question - to be mutant or not to be mutant
of blocc troligy of the x-man of the increase of the section of blocc one requests - with the variation of svilupp of the mutation of
the end of the relative or nao relative of the variation of svilupp of the mutation


MO HA HA
to hectar to hectar of the month

Sida fins snart under linkane mine..