fredag, juni 23, 2006

Diverse notat fraa storbyen

Nokre gongar likar eg verkeleg aa bo i ein storby. Saann til doemes naar vi har halv dag paa skulen og sluttar 11 paa foeremiddagen ein fredag.

Vandra ned til Newmarket, eit relativt travelt butikksentrum, saman med to jenter fraa skulen. Spiste sushi til lunsj (ein av dei nye oppdagingane mine her nede - NAM!!) og tok bussen inn til sentrum. Buss her for ein skuleelev kostar saann omtrent 3,50 kr samanlikna med 18 kr heime, men i det kollektive transportsystemet er ein vits (seier alle andre, eg tykkjer det er betre enn eg er van med!).

Vidare ville vi gaa paa kino, men fann ut at kinoen tydeegvis har ein regel mot aa selje billettar til ungdom i skuleuniform foer klokka 3 paa vekedagar! Skuffa og irriterte vandra vi vidare til Starbucks, eit herleg konsept eg ikkje kan fatte at ikkje har greidd aa innvadere Noreg enno! Kritiserte kinovesnet og spiste muffins.

Eg kjem fraa ein liten by med 17 000 innbyggjarar og eit utval i bok- og cdbutikkar som ikkje akkurat er imponerande. Auckland har 1,3 millionar innbyggjarar og tisvarande stoerre utval av beggje delar. Har til doemes oppdaga bokbutikkjeda Borders, samt den femetasjes filialen deira nede i sentrum. Borders Sky City har ein heil etasje med cdar. Ingen god ide aa sleppe meg laus der med bankkort... Er ganske stolt av mag sjoelv, plukka berre ut ting eg verkeleg treng, og greidde aa begrense meg til tre stykk, som eigentleg skildrar musikksmaken min ganske bra:
-West Side Story
-Romanser av Glinka
-Dream Theater

"Hjernen er alene" Kan ikkje hugse kor det sitatet kom fraa, har brukt det saa lenge eg kan hugse.

2 Comments:

At 1:04 a.m., Blogger Unknown said...

http://no.wikipedia.org/wiki/Hjernen_er_alene

 
At 10:17 p.m., Blogger Kiwi-88 said...

Takk! Hjalp faktisk! =)

 

Legg inn en kommentar

<< Home