torsdag, juni 29, 2006

Bakvendtland


Ting er ganske bakvendte her innimellom.
-Satelitt-tv sendar kampar fraa verdenscupen direkte og fotballtullingane sit oppe fraa fyrste kampen byrjar 3 am.
-Sia det er vinter her no, og vinter er ganske deprimerande innimellom, reklamerar ein del utestadar med julemat og mid-winter christmas.
-Verste vinterveret paa 12 aar her til lands, store snoestormar og trafikken lamma over stoerstedelen av landet forrige veke. Det var ein halvmeter soerpete snoe.
-Og her oppe er det visst veldig kaldt til aa vere Auckland, alle klagar rundt meg. Ganske konstant paa 12 grader.

Men eg skal ikkje klage, for vi har mandarintre i hagen, saa eg kan gaa ut og plukke mandariner rett av treet! Litt eksotisk for meg, det der. Mandarinene fraa hagen vaar er knoettsmaa med tynt skall, men smakar kjempegodt! Biletet samanlikanar ei hagemandarin med ei butikkmandarin og ei penn i storleik. Tenkte eg skulle bruke ei fyrstikkeske, men det var foer eg fann ut at fyrstikkeskene her er omtrent dobbelt saa store som i Noreg...