onsdag, juni 14, 2006

AFS Mid-Year Camp 2006



Tilbrakte heile helga paa AFSleir ein times kjoering nord for Auckland. Var utruleg kult aa moete folk igjen og bruke tida paa meir eller midre meinginslause, men samstundes utruleg morosame aktiviteter som luftgevaerskyting og trampolinehopping. Dei fekk til og med, til tross for at eg insisterte paa at kom til aa daue, skubba meg over kanten paa eit stillas ifoerd sele som sklei nedover ein vaier, saakald "flying fox". Er ogsaa utruleg godt aa moete andre nordmenn innimellom, som naar eg og Gunhild sang norske julesangar hoegt og skjerande i to-tida natt til soendag.

Hoegdepunktet for min del maa vel ha vore klokka tre same natta daa eg skulle gaa og legge meg, og fann ut at oj sann, madrassen min er ikkje her lenger. Hmmm... Dei neste fem timane tilbragte eg paa ei tynn skumgummifille paa golvet i haaplaust forsoek paa aa lukke auga lenge nok til aa sovne. Opplevinga hadde og sine gode sider; fekk sove godt i bilen paa veg heim igjen...

2 Comments:

At 10:52 a.m., Blogger Unknown said...

Jasså så du fikk spille painball på mid year stay? Vi satt i en buss hele dagen og så litt på en kirke, løfta døde fisk og spiste haikjøtt...

 
At 9:30 p.m., Blogger Kiwi-88 said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

 

Legg inn en kommentar

<< Home