fredag, april 28, 2006

Fridomsvegen

Av trongen til sanning er fridomen runnen,
og vegen til rettferd er staka med blod.
I offer og arbeid vart framgongen vunnen
og vårsongen løyst or det teiande to.

Når mørker og stormod tok alt i sitt velde,
og mødrer bad bøner på skjelvande kne,
da tendest ein dag ved den evige kjelde
i lyset frå kors og frå atodafé.

I hjarta åt folket som fomla i skuggen
Fekk lyset si nøring og ordet si kraft.
Og dagen rann ljuvleg og glad gjennom gluggen
Med varme og sollys frå kjellar til raft.

Dei store og kloke har aldri forstått det
at lyset kan tendast hjå dei som er små.
For dei som sat trygt i sin stordom på slottet
var visdomen etla til berre dei få.

Men trongen til fridom for ånd som for yrke,
og draumen om lukke og lysare kår,
vart boren av folket til framgong og styrke
for livet i landet i ætter og år.

Og folket, dei små og dei trugne i treden,
vil vakte den fridom dei vann ved sin strid
og byggje sin heimstad i lyset og freden
til broderskaps tempel i komande tid.


Hans Hyldbakk