torsdag, mai 18, 2006

Torsdag kveld

Har Sky Tower skifta farge fraa blaatt til meir kvitaktig lys, eller er det berre hovudet mitt i kveld?

Administrasjonen paa skulen satte opp lerarvakter ved alle inngangane til skulen og gav alle som kom etter 8.35 detention i lunsjpausen, samen kva for unnskuldning dei hadde. Eg kom (tilfeldegvis...) 8.32 i dag. Ei eg kjenner var seint ute. Ho hadde lapp fraa foreldra, men fekk detention likevel. Ho moette ikkje opp, men brukte heile lunsjpausen paa aa skrive protestbrev til rektoren, godt oppmuntra av resten av oss. Er liksom ikkje saa mykje elevdemokrati her, saa noko maa vi gjere!

Dessutan er det vinter her, alle klagar over kor kaldt det er. Var 6 grader i dag tidleg, blir ikkje mykje kaldare heller. Problemet er berre at 6 grader ute betyr 6 grader inne; husa er ikkje isolerte, og vi har berre nokre faa varmeomnar rundt omkring. Heilt absurd, spoer du meg, men det faar no vere...