fredag, mai 12, 2006

Hvem skal trøste Knøttet?




Rart kva hjerna slepp til overflata etter kvart som ein blir eldre. Sitt her i stua i en by på andre kanten av kloden og dillar rundt på nettet. Plutseleg går det kaldt nedover ryggen på meg: Ordet "Knøttet" skrik mot meg frå skjermen! Ikke veit eg kor mange skandinaviske småbarn som blei utsette for mental tortur med Tove Jansson si såkalde barnebok "Hvem skal trøste Knøttet?", men enkelte av oss er merka for livet. Det her er min Pompel og Pilt...

Kort resyme for ubesudla sjeler: Knøttet er ein liten fyr som er helit åleine, einsam og vitskremd i huset sitt. Han sett ut på vandring i den store, skumle verda og ser massevis av rare og skremande ting på turen. Til slutt finn han ei lita jente som er enda mer redd enn han sjølv, og alt blir bra. Med tekst på rim oversatt av Andre Bjerke og store, skumle bilete av forfattaren sjlv blir det her ganske skummelt for uskuldege små barnesinn. Skulle vel eigentleg tru av foreldra mine hadde lert etter å ha skremt vitet av dei to storesyskjena mine...

Ei strofe i boka handlar om når Køttet møter homsene, som sitt fem saman i ei vogn og "lager vakker homselyd". Denne boka vart skriven på 70-talet, men det er ganske morosamt å lese no. Vi fant fram boka igjen sist jul og skulle lese om homsene berre for artig, men eg vart vitskremd og fekk problem med å sove om natta! Slik kan det gå...

Tove Jansson er forresten og forfattar av historiene om Mumitrollet og venane hans. Eg hadde og ei skremande oppleving sist haust der eg tilfeldigvis har kom over barne-tv, og blei sittande og skjelve medan eg ikkje greidde å ta augene av skjermen. Den kvelden sjekka eg ekstra godt at døra til hybelen min var låst, slik at hattifnattane ikkje kunne kome og ta meg...

Bileta er av hattifnattar (groess...) og vesle Knøttet.